Man
Delvis skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Svak vind fra Aust-nordaust 1.9 m/s 
Trykk: 1009.7
Dato: 23.07.2018
28°
Tirs
Delvis skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Svak vind fra Sørvest 2.0 m/s 
Trykk: 1012.0
Dato: 24.07.2018
27°
Ons
Delvis skya
Nedbør: 0 mm
Vind: Svak vind fra Aust-nordaust 2.6 m/s 
Trykk: 1014.6
Dato: 25.07.2018
26°
Tor
Klårvêr
Nedbør: 0 mm
Vind: Svak vind fra Sør-sørvest 1.7 m/s 
Trykk: 1017.9
Dato: 26.07.2018
29°
Fre
Klårvêr
Nedbør: 0 mm
Vind: Svak vind fra Søraust 2.6 m/s 
Trykk: 1019.8
Dato: 27.07.2018
30°
Seljord StartSiden Hjem
Vis liste over alle byer
Søk
BilderButikkNyheterSpillVæretWebmailBoligLeieTorgetJobbOm Seljord

  
Alle nyheter

Lokal nyheter
Finn Seljord
Jobb Seljord
Leie Seljord
NRK Telemark
Seljord Kommune
TA
Torget Seljord
Varden

Generelle nyheter
ABC Nyheter
Aftenposten
Dagbladet
Dagen
Framtida
Kommentar
Kommunal Rapport
Morgenbladet
Nationen
Nettavisen
NRK
Ny Tid
P4
Panorama
Siste.no
The Norway Post
TV2 Nyhetene
Ukeavisen Ledelse
Uriks
Utrolige Nyheter
Utrop
VG
Vårt Land

Andre nyheter
Altinn
Arbeidstilsynet
Arkivverket
Avinor
BI Handelshøyskolen
Bibliotekarforbundet
Bike.no
BilNorge
Boarding.no
Bonytt
Båtmagasinet
Cappelen Damm
Filmweb
Fjord Norge
Forbrukerportalen
Foreldre
Forskning
Forsvaret
foto.no
Gatebil.no
Helse
Her og Nå
Høgskolen i Bergen
Jenteporten
Kirken
KK
Klar Tale
Klassekampen
Lovdata
Mat
Montages
Mote
Motor
Musikkweb
NAV
Norsk Tipping
Nysgjerrigper
OBOS
Oslo Jazzfestival
Politiet
Regjeringen
Røde Kors
Seher
Seilas
Skatteetaten
Statistisk sentralbyrå
Statnett
Stortinget
Teknisk Ukeblad
Trafikanten
UIA
UIB
UIO
UIT
ut.no
Utdanningsdirektoratet
Vegvesen
Villmarksliv
Wideroe

Økonomi nyheter
Dagens Næringsliv
E24.no
Finans Norge
Finanstilsynet
Hegnar
iMarkedet
NA24.no
NRK Økonomi
Skagenfondene
Økonomisk Rapport

Sports nyheter
Aftenposten Sport
Dagbladet Sport
FotballMagasinet
NRK Sport
VG Sport

IT nyheter
akam.no
amobil.no
Apple
Dagens IT
Datainform
digi.no
DinSide
gamer.no
Gamereactor
Hardware.no
IDG.no
IT-Kanalen
ITavisen
ITpro.no
mac1
online.no
Techworld.no
tek.no
teknofil.no
Teknologi

Fylkes aviser
Adresseavisen
Agderposten
Firda
Fosna-Folket
Framtid i nord
Fædrelandsvennen
Gjengangeren
Namdalsavisa
Nordlys
NRK Buskerud
NRK Hedmark og Oppland
NRK Hordaland
NRK Møre og Romsdal
NRK Nordland
NRK Rogaland
NRK Sogn og Fjordane
NRK Telemark
NRK Troms og Finnmark
NRK Trøndelag
NRK Vestfold
NRK Østfold
Oppland Arbeiderblad
Rogalands Avis
Smaalenene
Sogn Avis
Strilen
Sunnmørsposten
Sør-Trøndelag
TA
Tidens Krav
Troms Folkeblad
Varden
Vestfold Blad

NyheterForrigeForrigeForrigeNesteNesteNeste


Sommarsesongen er i gangNRK Sogn og Fjordane
Anders Fannemel enda på 28. plass då skihopparane starta årets Grand Prix-sesong i Wisla i helga. Kamil Stoch (Polen) vann søndagens individuelle renn, medan Halvor Egner Granerud vart beste norske på tredjeplass. Fannemel var ikkje på laget som enda på tredjeplass i lagkonkurransen laurdag.
2018-07-23 13:56:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bil hamna i autovernetNRK Sogn og Fjordane
Naudetatane har rykka ut til eit trafikkuhell på E39 ved Ålhus i Jølster der ein bil har hamna i autovernet. Føraren som er ein mann i 20-åra, skal ha fått seg ein trøkk i ansiktet etter at kollisjonsputa blei utløyst, men er elles uskadd. Det er ein del skader på bilen, og bergingsbil er bestilt. Ein test av bilføraren har gitt utslag på narkotika og føraren er sendt til legevakta for blodprøve.
2018-07-23 10:59:59  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Mopedførar til lege etter uhellNRK Sogn og Fjordane
Ein modpedførar er køyrt til legekontoret i Måløy etter eit trafikkuhell i Gate 1. Politiet opplyser på Twitter at ingen andre køyretøy var involverte i uhellet som vart meldt i halv ni-tida. Føraren skal ha opplsyt om smerte i hofte og lår. Det er førebels uvisst kva som skjedde. Det skal ikkje vere trafikale problem som følgje av uhellet.
2018-07-23 08:51:42  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Politiet nøgd med publikumNRK Sogn og Fjordane
? Det var lite fyll og bråk under årets Malakoff-festival, seier innsatsleiar Roger Gundersen i politiet. Av kring 20 oppretta straffesaker, gjeld 15 narkotika. Ei av sakene gjeld vald mot politiet. 18 politibetjentar var på jobb under årets festival på Nordfjordeid der nær 30.000 personar innom festivalportane.
2018-07-23 08:08:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Straumen er tilbakeNRK Sogn og Fjordane
Abonnentane som mista straumen etter eit steinras i Gaular, har no fått straumen tilbake. Det opplyser Sunnfjord Energi. Straumen var vekke ein knapp time.
2018-07-23 07:13:34  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fleire utan straum i Gaular kommuneNRK Sogn og Fjordane
Ved Økslandsvatnet i Gaular kommune har det gått eit steinras som har tatt straumen frå fleire abonnentar i området. Ifølge vaktsentralen til Sunnfjord Energi vil dei sjå om det er materielle skader før dei prøver å setje straumen på att, spesielt sidan det er farar for gnistar. Sunnfjord Energi håpar å kunne ha straumen tilbake innan kort tid. Rasstaden er ikkje i nærleiken av hus eller veg.
2018-07-23 06:24:29  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Publikumsrekord i AskvollNRK Sogn og Fjordane
Skjærgårdstreffet i Askvoll feira 20-årsjubileet med publikumsrekord, skriv Firda. Laurdag var det 2500 vaksne besøkande på festivalområdet, noko som er 500 fleire enn i fjor. Til avisa seier festivalsjef Andrea Strømmen at ho er utruleg godt nøgd med årets utgåve av festivalen.
2018-07-23 06:19:17  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ingen semi for FredriksenNRK Sogn og Fjordane
Det vart ingen semifinale for Sogndal-spelar Ulrik Fredriksen og det norske G19-landslaget i EM. Norge leia 1-0 over Italia, men sigeren glapp sju minuttar før slutt slik at det blir italienarane som følgjer Portugal til semifinalen. Torsdag spelar Norge derimot kvalifiseringskamp om retten til ein VM-plass.
2018-07-22 19:49:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Uvanleg hektisk for AirliftNRK Sogn og Fjordane
Dei mange skogbrannane i Sør-Norge har gjeve Airlift ein unormalt hektisk sommar. På det meste har helikopterverksemda i Gaular hatt to maskiner i sving for å sløkke skogbrannar. Mellom anna ved Bykle på Sørlandet. ? Juli er vanlegvis ein roleg månad, men no har vi sett ei høgsesongbelastning som vi vanlegvis har i august og september, fortel kommersiell direktør, Børre Eimhjellen.
2018-07-22 17:13:08  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kom seg til kai for eiga maskinNRK Sogn og Fjordane
Seglbåten som tok inn vatn sør for Værlandet kom seg til kai på Bulandet for eiga maskin. Det opplyser Hovudredningssentralen. Båten vart fylgd til kai av andre båtar og eit helikopter, og er no fortøydd og har fått pumpehjelp.
2018-07-22 13:33:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Seglbåt tek inn vatnNRK Sogn og Fjordane
Ein seglbåt med to personar ombord tek inn vatn sør for Værlandet i Askvoll. Hovudredningssentralen opplyser at både helikopter og fleire båtar er på veg til havaristen.
2018-07-22 12:41:00  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Frenderup ferdig i FlorøNRK Sogn og Fjordane
Den danske keeperen Nicklas Frenderup forlét Florø. Det skriv Firdaposten. ? Nicklas har vore tre og eit halvt år i Florø, saknar å vere heime og vil ha nye utfordringar, seier Florø-trenar Terje Rognsø til avisa. Frenderup sat på benken då Florø møtte Kongsvinger laurdag.
2018-07-22 10:54:10  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

To i drukkenskapsarrest i FørdeNRK Sogn og Fjordane
To menn vart i natt sette i drukkenskapsarrest i Førde. Ein av dei oppførte seg utagerande på ein utestad, medan den andre vart meld for ordensforstyrring og for å ha slått til ei vakt. Politiet fekk også melding om ein person som slo og sparka i veggar i Førde sentrum, men kunne ikkje finne vedkommande.
2018-07-22 08:22:09  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Slagsmål i FlorøNRK Sogn og Fjordane
Politiet fekk i natt melding om eit slagsmål i Florø sentrum, der ein person vart slått i bakken. Mistenkte forlèt staden før politiet kom fram. Ein person vart køyrd til legevakta i Florø.
2018-07-22 08:16:38  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ordensforstyrring på NordfjordeidNRK Sogn og Fjordane
To menn i 20-åra vart i natt melde for ordensforstyrring på Nordfjordeid. Ein av dei vart sett i drukkenskapsarrest, medan den andre vart dimittert av politiet. Det opplyser Vest politidistrikt
2018-07-22 08:13:04  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Stryn til topps i Gothia CupNRK Sogn og Fjordane
Stryn sitt gutar 16-lag vann laurdag B-sluttspelet i i Gothia Cup. Det skriv Fjordingen. Dei slo irske Seatown FC i finalen. Gothia Cup arrangerast i Göteborg, og er rekna for å vere den fotballturneringa i verda med flest deltakarar.
2018-07-21 21:21:52  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Til semifinale i EMNRK Sogn og Fjordane
Det norske J19-landslaget i fotball, med tre jenter frå Sogn og Fjordane på laget, er klare for semifinale i EM. Det er klart etter at dei slo Frankrike 1-0. Av dei lokale jentene spelte Linn-Mari Nilsen og Thea Bjelde heile kampen, medan Elise Isolde Stenevik sat på benken.
2018-07-21 19:59:58  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Alvorleg skadd etter fallulukkeNRK Sogn og Fjordane
Mannen som fall i ei klatreulukke ved Avsnes i Vadheimsfjorden fredag er alvorleg skadd. Det opplyser Haukeland universitetssjukehus. Klatraren vart frakta til Haukeland i luftambulanse etter ulukka.
2018-07-21 17:12:04  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Set opp ekstraferje i nattNRK Sogn og Fjordane
I samband med Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid blir det in natt sett inn ekstra ferjeavgang både på Lote - Anda og Stårheim - Isane. Ekstraferja går 00.30 frå Stårheim og 02.45 frå Lote.
2018-07-21 10:42:20  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Meld for vald mot politietNRK Sogn og Fjordane
Ein mann i 40-åra er meld for vald mot offentleg tenestemann på Nordfjordeid i samband med Malakoff-festivalen. Det melder politiet på Twitter.
2018-07-21 09:19:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Planlegger redning klokka 6NRK Sogn og Fjordane
De to fjellklatrerne som sto fast på en fjellhylle på Vetle Skagastølstind i Jotunheimen, er ført opp til toppen av fjellet der det planlegges uthenting med redningshelikopter i morgentimene kl. 06. Det melder Hovedredningssentralen.
2018-07-21 02:52:54  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Står faste på Vetle SkagastølstindNRK Sogn og Fjordane
To fjellklatrarar står faste på ei fjellhylle på Vetle Skagastølstind. Det melder Hovudredningssentralen. Alpine redningsgrupper frå Jostedal og Lom vil saman med luftambulanse frå Dombås forsøke å hente klatrarane ut. Klatrarane vart lokaliserte rundt klokka 22.35, og står faste om lag 50 meter frå toppen av fjellet. Det er litt tåke i området.
2018-07-20 22:48:10  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Innstilde avgangar på Lavik-OppedalNRK Sogn og Fjordane
Avgangane frå Lavik klokka 21.10 og Oppedal klokka 21.40 på er innstilde grunna tekniske problem. Det opplyser Norled.
2018-07-20 21:25:24  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Professor uroa for BriksdalsbreenNRK Sogn og Fjordane
Geologiprofessor Atle Nesje ved Universitetet i Bergen er uroa for Briksdalsbreen, skriv Fjordingen. Breen har sidan 1700-talet trekt seg tilbake kring to kilometer. Milde vintrar med mykje nedbør og kalde somrar kan hjelpe for å stogge bresmeltinga. Om ikkje vêret blir meir bre-vennleg, er Nesje uroa for at breen kjem til å krympe enda meir.
2018-07-20 19:12:23  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen fredag 18.50NRK Sogn og Fjordane
Programleiar: Tale Hauso
2018-07-20 18:46:04  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trafikkulukke i VågsøyNRK Sogn og Fjordane
Naudetatane har rykt ut til ei trafikkulukke på Rv. 15 ved Bryggja i Vågsøy. Ein bil med fire personar har køyrt inn i eit tre. Vest politidistrikt opplyser at politi og ambulanse er framme på staden. Alle personane er ute av bilen og medvitne. Det er manuell dirigering forbi ulukkesstaden.
2018-07-20 18:31:15  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kjøpte narkotika til seg sjølvNRK Sogn og Fjordane
Ein sunnfjording i 40-åra er dømd til fengsel i 45 dagar. I november i fjor kjøpte mannen 95 gram hasj og 129 narkotiske tablettar til eige bruk. Mannen erkjende forholdet og Sogn og Fjordane tingrett la vekt på at mannen har teke tak i livet sitt. Difor slepp han å sone fengselsstraffa om han held seg på rette side av lova dei neste to åra.
2018-07-20 17:56:44  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Her signerer dei avtalenNRK Sogn og Fjordane
I dag signerte Tone Oppedal (Statens vegvesen) og Inge André Utåker (Norled) kontrakten for drift av ferjesambanda i Indre Sogn frå 2020 og ut 2027. I kontrakten ligg det to fleire rundturar dagleg på Mannheller - Fodnes, medan sommarruta blir utvida med to månader for trekantsambandet Vangsnes - Hella - Dragsvik. I tillegg får dei to sambanda større ferjer.
2018-07-20 16:44:40  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Mann fall ned frå hustakNRK Sogn og Fjordane
Ein mann har falle ned frå eit hustak i Måløy. Mannen er no på veg til sjukehus i Førde med skader i bekken og rygg, melder Vest politidistrikt. Politiet opplyser at ulukka skjedde i samband med maling av eit naust.
2018-07-20 14:29:14  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Klatrar frakta til HaukelandNRK Sogn og Fjordane
Ein mannleg fjellklatrar har falle ned tre til seks meter under klatring ved Avsnes i Vadheimsfjorden. Politiet opplyser at han skal vere medviten, men vedkomande klager over smerter frå skader fallet har påført han. Mannen var i følgje med eit klatrelag. Mannen er no frakta til Haukeland.
2018-07-20 14:26:50  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Høyr direkte frå Malakoff!NRK Sogn og Fjordane
Vi sender direkte frå Malakoff rockfestival frå klokka 14 til klokka 17 i dag. Lytt til Stian Sjursen Takle, Tone Lin Støfring Skovro, Erlend Blaalid Oldeide og deira gjester her.
2018-07-20 14:08:04  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Farleg last gir lågare kapasitetNRK Sogn og Fjordane
Det blir lågare kapasitet på avgang kl. 13.00 frå Oppedal på ferjesambandet Lavik-Oppedal. Det melder Norled. På denne avgangen kan det berre vere med 12 passasjerar.
2018-07-20 12:41:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Namnet frigjeveNRK Sogn og Fjordane
Det var den 65 år gamle Per Roger Herland som mista livet i ei ulukke på Atløy i går. Det var ingen vitne til ulukka og saka blir etterforska av politiet med tanke på å finne dødsårsaka, melder Vest politidistrikt.
2018-07-20 12:22:39  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bestiller sitt tredje skipNRK Sogn og Fjordane
The Fjords har bestilt sitt tredje karbonfiberskip av Brødrene Aa i Hyen, skriv skipsrevyen.no. Skipet er allereie under bygging på verftet og blir søsterskip til "Future of the Fjords" som hadde ein prislapp på 144 millionar kroner.
2018-07-20 11:21:21  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skal unngå ferjekøNRK Sogn og Fjordane
Auka kapasitet gjer at Fjord1 forventar mindre kø og smidigare trafikk på sambandet Anda-Lote i samband med Malakoff-festivalen i år. Det seier operativ leiar i Fjord 1, Christine Hammersvik. Dei har også i år sett opp ekstra avgangar frå Lote natt til laurdag og natt til søndag. Det gjeld også for Stårheim-Isane.
2018-07-20 10:03:02  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Følgjer opp fallulukkeNRK Sogn og Fjordane
Politiet vurderer no om dei skal følgje opp saka etter at ein mann i 60-åra i går omkom etter eit fall. Det er fungerande politisjef for Askvoll, Kåre-Jan Hofrenning, som seier dette til NRK. Det var i går politiet fekk melding om ulukka då ein mann fall i sjøen under arbeid på eit naust.
2018-07-20 08:44:42  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Seksdoblar omsetnadenNRK Sogn og Fjordane
Omsetnaden til bensinstasjonen på Nordfjordeid blir meir enn seksdobla under Malakoff-festivalen. Det skriv Fjordabladet. Festivalhelga i fjor tok bensinstasjonen Circle K inn 650 000 kroner, mot knappe 100 000 kroner på ei normalhelg.
2018-07-20 06:38:49  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Gudvangatunnelen open for trafikkNRK Sogn og Fjordane
Gudvangatunnelen på E16 i Aurland er open for trafikk etter å ha vore stengd i forbindelse med berging av eit vogntog.
2018-07-19 22:24:57  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 20.55NRK Sogn og Fjordane
Programleiar: Marte Rommetveit
2018-07-19 20:51:31  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Gudvangatunnelen stengdNRK Sogn og Fjordane
Gudvangatunnelen på E16 er stengd grunna berging av eit vogntog. Det opplyser Vegtrafikksentralen.
2018-07-19 20:43:09  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Omkom etter fall i sjøenNRK Sogn og Fjordane
Ein mann i 60-åra er død etter å falle i sjøen i forbindelse med arbeid på eit naust i Askvoll. Det opplyser Vest politidistrikt i ei pressemelding. Dei pårørande er varsla om ulukka. Politiet fekk melding om ulukka klokka 13.30 i dag, og mannen vart erklært død på staden klokka 14.30. Namnet på den omkomne vil ikkje verte frigjeve i dag.
2018-07-19 20:08:30  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trafikkulukke i LavikNRK Sogn og Fjordane
Naudetatane har rykt ut til melding om ei trafikkulukke ved Rå i Lavik. Ein lastebil skal ha køyrt utfor vegen. Det er framleis uvisst om det er personskade, melder Vest politidistrikt på Twitter. Føraren av lastebilen er medviten, opplyser politiet. Helse Førde AMK melder at ambulanse er på veg, og at den kan ha vore farleg gods i lastebilen.
2018-07-19 18:37:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trafikkulukke i HagatunnelenNRK Sogn og Fjordane
Naudetatane har rykt ut til melding om ei trafikkulukke i Hagatunnelen på fv. 50 i Aurland. Vest politidistrikt melder på Twitter at ein bubil skal vere involvert i ulukka, og at ein person skal vere fastklemt. Tunnelen er stengd.
2018-07-19 18:14:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Boikott av bulkskip opphevaNRK Sogn og Fjordane
Boikotten av det tyrkiske bulkskipet Zeynep er oppheva. Det skriv Sogn Avis. Skipet vart boikotta laurdag 7. juli, då det var på veg til Årdal for å losse oksid. Sidan har det vore i Lærdalsfjorden. No har reiarlaget oppfylt dei krava som vart stilte.
2018-07-19 17:11:18  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Flo klar for ny klubbNRK Sogn og Fjordane
Per Egil Flo frå Stryn er klar for ny klubb, FC Lausanne i Sveits. Venstrebacken kjem til Sveits frå den tsjekkiske klubben Slavia Praha. Lausanne skal neste år spele på nivå to i Sveits, etter nedrykk frå toppdivisjonen.
2018-07-19 15:38:38  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vekst i søkjartal NRK Sogn og Fjordane
Høgskulen på Vestlandet avdeling Førde opplever ein auke i søkjartala på mellom 10 til 15 prosent samanlikna med tala for fjoråret. ? I Sogndal er tala relativt stabile, seier prorektor for utdanning ved Høgskulen på Vestlandet, Bjørg Kristin Selvik.
2018-07-19 11:41:08  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Straumstans ved Hydro NRK Sogn og Fjordane
Ved Hydro i Høyanger var straumen til metallverket vekke i morgontimane. ? Vi fekk straumen tilbake etter nokre minutt, så det var ikkje dramatisk, seier Øyvind Breivik, som er informasjonssjef i Hydro. Hydro vil no granske straumutfallet.
2018-07-19 10:23:55  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Klare i køen til MalakoffNRK Sogn og Fjordane
Alt i natt kom dei første i køen inn til campen på Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid. Det er venta at køane vil fylle seg raskt opp utover dagen og fram til portane inn til campen opnar klokka 16. NRK Sogn og Fjordane sender direkte frå festivalen.
2018-07-19 10:23:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vert oppgradert i 2020NRK Sogn og Fjordane
Sundafjelltunnelen på riksveg 5 i Flora skal bli betre tilrettelagt for syklistar, men ikkje før i 2020, skriv Firdaposten. Flora kommune har tidlegare bede Statens vegvesen om hjelp til å vurdere tiltak som gjer at ein kan sykle trygt gjennom tunnelen. Vegvesenet seier det ikkje har vore registrert ulukker i tunnelen sidan han opna i 1985, og meiner dei fleste tryggingstiltaka difor kan vente til Sundafjellstunnelen likevel skal oppgraderast i 2020.
2018-07-19 08:50:00  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ikkje DNA frå ulvNRK Sogn og Fjordane
Det er ikkje funne DNA etter ulv i prøvene som vart sende inn til analyse etter sauedrapa i Naustdal for rundt to veker sidan. Mens den eine prøva er etter raudrev, har ein ikkje har klart å slå fast kva dyr dei to siste prøvene kjem frå. Statens naturoppsyn seier dette likevel ikkje betyr at det ikkje er ulv som har vore på ferde i Naustdal.
2018-07-19 07:29:49  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil ha verdsleiande vikingsenterNRK Sogn og Fjordane
Det er store ambisjonar for vikingsenteret Njardarheimr i Gudvangen, skriv Sogn Avis. Dagleg leiar i Gudvangen utvikling, Frode Tufte, seier dei ønskjer at senteret skal bli verdsleiande. Dei første bygga ved senteret stod klare i fjor sommar, og også i år har det kome til nye bygg. Vikingsenteret ønskjer å kunne ha drift heile året.
2018-07-19 07:06:20  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fekk draumeopning på EMNRK Sogn og Fjordane
Det norske J19-landslaget i fotball fekk starten dei ynskte på EM i Sveits. Thea Bjelde frå Sogndal og Linn-Mari Nilsen frå Førde spelte heile kampen då regjerande meistrar Spania vart slått 2-0. Elise Isolde Stenevik frå Florø var unytta reserve.
2018-07-18 18:12:22  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil skjerpe straffa for tjuvfiskeNRK Sogn og Fjordane
Statssekretær Atle Hamar (V) meiner eitt års fengsel for tjuvfiske ikkje er nok. Til Firda seier statsekretæren i Klima- og miljø at han vil jobbe for strengare straffer. ? Ulovleg laksefiske er alvorleg miljøkriminalitet, men det kan sjå ut som at strafferammene ikkje reflekterer den vinsten ein kan få på å fiske ulovleg, seier Hamar til Firda. Søndag vart det funne 300 meter drivgarn som fiska etter laks ved Flokeneset i Førdefjorden.
2018-07-18 18:07:02  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Til sjukehus etter utforkøyringNRK Sogn og Fjordane
Ein mann i 60-åra blir sendt til sjukehuset i Førde etter ei utforkøyring på fylkesveg 609 i Askvoll. Uhellet skjedde ved Flokenes. Bilen ligg på sida, delvis i vegbana, men det skal vere passasje. Føraren fekk hjelp av andre til å komme seg ut av bilen.
2018-07-18 16:58:00  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bil i full fyr i GloppenNRK Sogn og Fjordane
Det brenn i ein bil i Fjellbygda i Gloppen. Politiet opplyser at det skal vere full fyr i bilen, men at den eine personen som var i bilen har kome seg ut. Brannvesenet er på staden og politiet er på veg. Det skal ikkje vere fare for at brannen spreier seg.
2018-07-18 16:50:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Normal drift på ferjesambandNRK Sogn og Fjordane
Norled melder at det skal vere normal drift på ferjesambandet Lavik - Oppedal på E39. Tekniske problem gjorde tidlegare i ettermiddag at C-ruta var innstilt.
2018-07-18 16:12:03  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Johnsen tok ut Bell og MannsverkNRK Sogn og Fjordane
Førde-spelar Kristian Bell og Sogndal-spelar Sivert Mannsverk er med i landslagssjef Erland Johnsen sin tropp til nordisk meisterskap i fotball. G16-landslaget møter Kina, Island og vertslandet Færøyane i turneringa frå 3. til 11. august.
2018-07-18 16:03:46  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Kom uskadd frå MC-velt på E39NRK Sogn og Fjordane
Naudetatane rykte i ettermiddag ut til ein MC-velt ved Vassenden i Jølster. Helse Førde AMK melder at MC-føraren er dimmitert etter å ha fått tilsyn av lege. Politiet har fått opplysningar om at det skal ha vore glatt på staden, truleg på grunn av regnskyll.
2018-07-18 16:00:15  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Påkøyrsle på E39NRK Sogn og Fjordane
Politiet og ambulanse har rykt ut til ei trafikkulukke på Langeland i Førde. Ifølgje politiet skal ein bil ha køyrt i ein annan bakfrå i ein sving. Bilbergar er rekvirert.
2018-07-18 15:59:25  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Furebotn legg oppNRK Sogn og Fjordane
Henrik Furebotn har bestemt seg for å leggje opp etter 17 år med toppfotball. 32-åringen har denne sesongen slite med ein strekkskade, og no har han fått nok. - Tusen takk til alle som har støtta meg, skriv Sogndal-spelaren på Instagram.
2018-07-18 15:11:49  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Melding om røyk i Naustdal NRK Sogn og Fjordane
Brannvesenet er på veg til Kleppestølen i Naustdal etter melding om røyk i terrenget, skriv Firda. ? Dette er høgt til fjells, og vi har folk som er på veg til staden. Det er truleg snakk om lynnedslag, seier Kollbjørn Øvrebotten, som er vaktleiar ved Alarmsentralen i Florø.
2018-07-18 13:58:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Svindyr promillebotNRK Sogn og Fjordane
Ein nordfjording i slutten av 50-åra har fått 105.000 kroner i bot etter at han køyrde med ein promille på 0,6 på Nordfjordeid i desember 2017. Det er mannen si høge inntekt på rundt ein million kroner årleg som er grunnlaget for bota. Mannen blei også dømt til 15 dagar i fengsel på vilkår. Det slepp han å sone om han oppfører seg fint dei neste to åra.
2018-07-18 13:46:47  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Lyn slo ned på StadNRK Sogn og Fjordane
Turgåarar fekk raskt sløkt eit branntilløp i terrenget på Sandvikseidet på Stadlandet, skriv Fjordenes Tidende. Det tok til å brenne etter eit lynnedslag. Det er stor skogbrannfare på Vestlandet.
2018-07-18 13:44:07  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Gå mot ny rekordsesongNRK Sogn og Fjordane
Det går mot ein ny rekordsesong for Loen Skylift, skriv Fjordingen. Skyliften runda sist helg 60 000 vitjingar. Driftsleiar Arne Reme seier dei har hatt større trafikk i juli enn i same tidsrom i fjor. No håpar han at dei kjem til å gå forbi fjorårstalet på besøkjande med god margin.
2018-07-18 13:07:08  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ver merksam ved NaustdalstunnelenNRK Sogn og Fjordane
Plater og andre gjenstandar har blese ut i vegbana på søraustsida av Naustdalstunnelen på riksveg 5, opplyser Statens vegvesen. Eit tre heng også over vegen. Folk er på staden for å rydde opp.
2018-07-18 12:35:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skogbrann i SolundNRK Sogn og Fjordane
Det er meldt om brann i terrenget ved Strandheim i Solund etter eit lynnedslag. Brannvesenet har kontroll på brannen, og driv no med ettersløkking, melder Alarmsentralen i Hordaland.
2018-07-18 11:26:30  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Har selt galleri i SeljeNRK Sogn og Fjordane
Kjell Stig Amdam har selt eigedomen sin med galleri på Skårbø i Selje, skriv Fjordenes Tidende. Han seier at han har selt det til ein privatperson i Sveits, og at det mest truleg ikkje blir galleri der lenger. Amdam vil ikkje røpe salssummen.
2018-07-18 11:06:51  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Torevêr råkar helikoptertrafikk NRK Sogn og Fjordane
Det er forseinkingar i helikoptertrafikken til og frå Nordsjøen i morgontimane. Dette gjeld blant anna ruta frå Florø til Visund. Det er torevêr som er årsaka til at helikopter står vêrfast.
2018-07-18 09:34:08  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vil ha Netflix på nynorsk NRK Sogn og Fjordane
Språkrådet og Noregs Mållag ønskjer at strøymetenester som Netflix og HBO Nordic skal byrje med teksting av filmar og seriar på nynorsk. Språkorganisasjonane meiner dette vil gi strøymetenestene eit meir seriøst omdømme når det er 600 000 personar som bruker nynorsk. HBO Nordic seier dei ikkje har høve til å kommentere saka, mens Netflix seier dei følgjer gjeldande lover og regler ved språkval.
2018-07-18 09:26:13  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Meiner bøndene må snakke samanNRK Sogn og Fjordane
Etter den lange tørkeperioden inviterer Luster-ordførar Ivar Kvalen til ope møte om fôrsituasjonen i kommunen. skriv Sogn Avis. Kvalen er uroa for bøndene som slit med å få nok fôr til dyra. I tillegg til lokale bønder, er representantar frå Norsk landbruksrådgjeving, Nortura, Felleskjøpet og det lokale bondelaget inviterte til møtet. Kvalen seier det handlar om å bry seg om næringa i ei krevjande tid.
2018-07-18 08:11:17  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tine ber om krisemøte NRK Sogn og Fjordane
Tine ber regjeringa om eit krisemøte. Dei fryktar for at den ekstreme tørka skal føre til melkemangel.
2018-07-18 07:20:37  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Avgang på Lavik-Oppedal kansellertNRK Sogn og Fjordane
På ferjesambandet Lavik-Oppedal er avgangen kl. 07.30 frå Oppedal kansellert grunna tekniske problem, opplyser Norled.
2018-07-18 06:37:31  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bil utfor murNRK Sogn og Fjordane
Ein bil hamna delvis utanfor ein mur på Nordfjordeid i natt. Bilføraren gjekk frå staden, men blei pågripen av politiet i eit husvære i nærleiken. Politiet opplyser om at føraren verka rusa, men var uskadd etter hendinga. Føraren blei teken med til legevakta på Eid for blodprøvetaking. Det blir oppretta sak.
2018-07-18 05:51:39  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

To frå fylket i G16-troppenNRK Sogn og Fjordane
To spelarar frå fylket er tekne ut i G16-troppen som skal spele nordisk meisterskap på Færøyane i august. Dei to er Kristian Bell frå Førde og Sivert Mannsverk frå Årdal. Det norske laget skal møte Færøyane, Island og Kina til kamp i meisterskapen.
2018-07-18 05:07:17  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Vestlandsrevyen 22.55NRK Sogn og Fjordane
Programleiar er Marte Rommetveit.
2018-07-17 22:55:02  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Oppljostunnelen open for trafikkNRK Sogn og Fjordane
Oppljostunnelen på Rv. 15 over Strynefjellet er no opna etter å ha vore stengd i forbindelse med oppryddingsarbeid. Det opplyser Vegtrafikksentralen.
2018-07-17 22:20:01  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Trafikkulukke i VikNRK Sogn og Fjordane
Naudetatane har rykt ut til melding om ei trafikkulukke på Seljedalsvegen i Vik. Ifølgje Alarmsentralen har ein lettsykkel som stod i ro vorte påkøyrt av ein annan lettsykkel. Tre personar var involvert i ulukka, og alle er medvitne. Vest politidistrikt melder på Twitter at det skal vere snakk om lettare skadar.
2018-07-17 21:27:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Oppljostunnelen stengdNRK Sogn og Fjordane
Oppljostunnelen på Rv. 15 over Strynefjellet er stengd grunna oppryddingsarbeid. Det melder Vegtrafikksentralen. Eit vogntog har vore oppe i taket på tunnelen, og det skal ligge stein i vegen.
2018-07-17 21:11:06  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå Vestlandsrevyen 20.55NRK Sogn og Fjordane
Programleiar: Marte Rommetveit
2018-07-17 20:36:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sjå teltet fly gjennom luftaNRK Sogn og Fjordane
Videoen syner korleis vinden herja i Lodalen tysdag ettermiddag. Les meir her.
2018-07-17 19:05:55  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Helikopter driv sløkkingsarbeidNRK Sogn og Fjordane
Eit brannhelikopter driv no sløkkingsarbeid på Haugsnosi ved Skjolden. Brannen i terrenget starta etter eit lynnedslag.
2018-07-17 18:18:07  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Syklistar i tunnelNRK Sogn og Fjordane
Syklistar i tunnel
2018-07-17 17:18:45  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skal leite etter brannårsakNRK Sogn og Fjordane
Politiet i Vågsøy skal undersøke brannstaden på torsdag etter ein husbrann på Raudeberg, skriv Fjordenes Tidende. Politiet veit førebels ikkje årsaka til brannen, og seier at huset ikkje er bebueleg.
2018-07-17 11:56:59  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Framleis skogbrannfareNRK Sogn og Fjordane
Varselet om skogbrannfare vil truleg vare, trass nedbøren som er meldt den næraste tida. I morgon er det meld regnbyer i Sogn og Fjordane, men meteorolog Frode Hassel meiner at skogbrannvarselet framleis vil gjelde.
2018-07-17 11:52:36  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ulukke på ReedNRK Sogn og Fjordane
Naudetatane er på veg til ei trafikkulukke på Reed i Gloppen. Ein lastebil har køyrd inn i ein personbil og det er store materielle skadar.
2018-07-17 10:08:19  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Bønder tek kontakt med krisetelefonNRK Sogn og Fjordane
Mange bønder tek no kontakt med krisetelefonen til Bondelaget fordi dei er bekymra for skadar som følgje av tørken, skriv P4. Ifølgje ein rådgjevar opplever fleire framtida til garden som usikker, noko som er tøft å takle.
2018-07-17 10:04:14  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

800.000 til AtløysambandetNRK Sogn og Fjordane
Reguleringsplanen for Atløysambandet kan bli klar allereie om eitt års tid, noko som er mellom to og tre år før planen, skriv Firda. Sist veke gjekk Askvoll formannskap inn for å forskottere 800.000 kroner for å få laga reguleringsplanen. Løyvingane til planen kjem ikkje før i 2021.
2018-07-17 07:46:52  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Merkar oljestreik i FlorøNRK Sogn og Fjordane
På Fjordbase i Florø byrjar dei å merke ringverknadene av streiken i offshorenæringa. No er i alt 1550 arbeidarar på norsk sokkel i streik, etter at streiken vart trappa opp i går. Snorre B-plattforma og skipet Petrojarlknarr er blant dei som er råka av streiken. Sjølv om Fjordbase merkar streiken, har dei så langt ikkje har vore nøydde til å sende ut permitteringsvarsel.
2018-07-17 07:21:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Nynorskhus i Førde ikkje trusselNRK Sogn og Fjordane
Det å få eit nynorskhus i Førde trugar ikkje allereie eksisterande nynorskinstitusjonar. Det meiner direktør i Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, som ønskjer planane velkomne.
2018-07-17 07:01:28  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Til sjukehus etter trafikkulukkeNRK Sogn og Fjordane
Ein bil køyrde av vegen og hamna i ein hage i Balestrand i ettermiddag. Politiet fekk melding om ulukka klokka 17:31. Det var to personar i bilen og begge kom seg ut på eiga hand. ? Det var eit eldre ektepar i bilen. Det er uklart kva som har skjedd, men bilen hamna tre meter ned ei skråning, seier Dag Olav Sætre som er operasjonsleiar ved Vest politidistrikt. Kvinna som køyrde bilen hadde smerter og vart sendt med ambulanse til Førde sentralsjukehus. Politiet opprettar sak på ulukka.
2018-07-16 18:07:53  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fire brannhelikopter i beredskapNRK Sogn og Fjordane
Airlift har fire brannhelikopter i beredskap i samband med den store skogbrannfaren som er no. Storparten er lokaliserte på Torp og på Sørlandet. Det fortel kommersiell direktør i Airlift, Børre Eimhjellen. Til samanlikning har Airlift vanlegvis eit eller i toppen to helikopter i brannberedskap på sommarstid.
2018-07-16 10:38:41  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Deltek i NM i yrkesfagNRK Sogn og Fjordane
18-år gamle Tobias Bueie frå Svelgen er klar for NM i yrkesfag for lærlingar og fagarbeidarar. Det skriv Firdaposten. Bueie skal konkurrere i klassen for industrimekanikarar. NM blir arrangert i oktober.
2018-07-16 06:47:11  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Tok beslag i garnNRK Sogn og Fjordane
Statens naturoppsyn har teke beslag i to drivgarnsløysingar i Askvoll med til saman ti garn. Garna er meint for laksefangst, opplyser Vest politidistrikt.
2018-07-16 05:31:34  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Reknar med nye rasNRK Sogn og Fjordane
Folkevalde i Årdal er uroa over å vera vitne til fleire store ras på FV 53 mellom Årdalstangen og Naddvik og vil ha fortgang i rassikringstiltak. Det gjekk fram av ein interpellasjon til kommunestyret framført av Thomas Norheim Moen og Senterpartiet, skriv Sogn Avis. Ordførar Arild Ingar Lægreid opplyste at han vil ta initiativ til eit møte med Statens vegvesen og fylkeskommunen for å innhenta fakta og deretter arbeida med å få Finnsåstunnelen inn i planane til Fylkeskommunen.
2018-07-15 22:30:05  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Fallskjermhoppar fekk trøbbelNRK Sogn og Fjordane
Ein fallskjermhoppar fekk problem med hovudskjermen, då han søndag hoppa frå eit fjell i Loen. Ifølgje Vest politidistrikt klarte vedkommande å få løyst ut naudskjermen. Hopparen skal til slutt ha komme seg trygt ned på landjorda.
2018-07-15 12:56:48  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Ber om importstoppNRK Sogn og Fjordane
Mangel på nedbør har ført til fôrmangel, og bøndene sender fleire dyr til slakt enn det er kapasitet til. No ber Nortura og Troms Bonde- og Småbrukarlag om stopp i import av kjøt, og oppmodar samstundes butikkar og forbrukarar om å kjøpe norsk kjøtt.
2018-07-15 10:42:35  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Sette ny publikumsrekordNRK Sogn og Fjordane
17600 personar var innom Norsk Countrytreff på Breim i løpet av dei tre siste dagane. Det er ny rekord for festivalen, og arrangøren reknar med å kunne lande på plussida også økonomisk. Til neste års 25-årsjubileum kan Norsk Countrytreff allereie no lokke med Emmylou Harris som trekkplaster.
2018-07-15 10:34:52  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Scora og toppar tabellenNRK Sogn og Fjordane
Hannu Patronen og Helsinki vann laurdag 2?1 heime mot Turun Palloseura, og leiar no den finske toppserien med ti poeng etter 20 spelte kampar. Den tidlegare Sogndal-kapteinen scora det eine målet for Helsinki, og vart kåra til den beste spelaren på bana.
2018-07-15 08:30:32  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Skalla ned folk på festivalNRK Sogn og Fjordane
Ein mann i byrjinga av 20-åra skalla laurdag kveld ned to personar under countryfestivalen på Breim. Mannen vart sett i arresten, og han er meld for politiet. Begge personane som vart skalla ned måtte ha tilsyn av helsepersonell.
2018-07-15 08:10:01  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

I fotspora til mammaNRK Sogn og Fjordane
Anders Berntsen Mol (21) og Christian Sørum (23) vann i dag ei turnering i verdsserien i sandvolleyball som første nordmenn på 20 år. Førstnemnde er son av Merita Berntsen Mol frå Naustdal, som slo seg opp i sandvolleyball på 1990-talet. Ho spelte mellom anna under OL i Atlanta i 1996. Mol og Sørum gjekk til topps i ei turnering i Gstaad.
2018-07-14 20:03:43  Vis artikkel   Si din mening i denne saken!   

Seljord StartSiden - Nyheter fra NRK Sogn og Fjordane







Denne tjenesten er levert av ActiveSystems.